mandag 20. februar 2012

Rumleskaft


Det var ein gong ein møllar som var fattig, men som hadde ei overlag vakker dotter. Ein gong slumpa han til å snakke med kongen, og for å skryte litt, sa han: "Eg har ei dotter som kan spinne gull av høy."
"Det er ein fantastisk kunst," sa kongen "la dottera di kome og vitje meg i morgon, så skal eg setje henne på prøve."
Dagen etter kom jenta til slottet, og han tok henne med til eit rom som var full av høy, gav henne ein rokk og ei garnvinde og sa: "Du får ta til å arbeide i morgon. Men dersom du ikkje har spunne all denne halmen til gull før den dagen er over, er det ute med deg."
Så gjekk han og låste døra etter seg.
Der sat jenta og visste ikkje si arme råd. Ho ante ikkje korleis ein kunne spinne halm til gull, og til sist tok ho til å gråte.
Då med eitt blei døra opna og ein liten mann kom inn. "God kveld, møllardotter, sa han," korfor græt du?"
"Eg er så ulykkeleg," hiksta jenta, "Eg må spinne denne halmen til gull, og veit ikkje korleis eg skal bere meg åt."
"Kva vil du gi meg om eg hjelper deg?" spurde den vesle mannen.
"Halssmykket mitt," svara ho, og mannen tok det og begynte å male. Og snurr, snurr, snurr, så var den første spolen full, og så den neste, og slik heldt han på like til neste morgon. Då var alle spolane fulle av reint gull.
Ved daggry kom kongen og blei forbløffa og glad. Men han var farleg grådig og slo seg ikkje tilfreds med dette; han leidde jenta inn i eit rom med enda meir høy og sa ho skulle spinne like til dagen etter om ho ville leve.
Jenta visste ikkje kva ho skulle gjere og tok til å gråte, men den vesle mannen kom tilbake og spurde: "Kva får eg om eg hjelper deg?"
"Ringen min," svara ho, og mannen tok den og tok til å spinne. Før sola rann, var han ferdig.
Kongen blei berre enda meir grådig då han såg alt det skinande gullet, og tok møllerdottera inn i eit stort rom fullt av høy.
"Dersom du kan spinnee det til gull til i morgon, tek eg deg til kone," sa han og tenkte med seg sjølv: "Enda om om ho berre er dotter av ein møllar, kan eg aldri få ei kone som er så rik."
Då jenta var aleine, kom den vesle mannen fram att og spurde: "Kva får eg om eg hjelper deg?"
"Eg har ikkje noko å gi deg lenger," svara jenta trist. "Så lov meg det første barnet du får når du har blitt dronning,", sa han.
"Kven veit om det kjem til å hende," tenkte jenta. Og sia ho ikkje visste kva ho elles skulle gjere, sa ho ja, og mannen spann og spann til neste morgon. Rommet var fullt av gull, og då kongen kom og såg det, blei han overlag glad, og bryllaupet blei feira med stor pomp og prakt.
Eitt år etter fødte dronninga eit vakket barn. Ho hadde heilt gløymt den vesle mannen, men med eitt kom han inn i rommet og sa, "Gi meg det du lovde meg."
Dronninga blei forskrekka, og tilbaud han alle skattane ho no rådde over der i riket, om han berre lét henne behalde barnet. Men mannen sa, "Kjøt og blod er meir verdt enn alle gullskattane i verda."
Dronninga tok til å gråte, og mannen forbarma seg noko over henne og sa: "Dersom du i løpet av dei tre neste dagane kan seie kva eg heiter, skal du få behalde barnet."
Dronninga låg vaken heile natta og tenkte på alle namna ho kunne, og sende bod rundt i landet for å frå vite enda fleire. Då mannen kom neste dag, tok ho til med Kaspar, Melkior, Baltasar og alle dei andre namna ho kunne, men mannen sa: "Nei, det heiter eg ikkje."
Dagen sende ho bod rundt om i nærleiken av slottet for å få vite kva folk heitte der, og sa fram dei raraste til mannslingen - Spissbein, Saueskankar, eller Bundebein og liknande - men ingen av dei var det rette. "Det er ikkje det eg heiter," sa han.
Tredje dagen kom sendebodet hennar tilbake og sa: "Eg har ikkje spora opp eit einaste nytt namn, men då eg kom til ein høg ås bak skogen, såg eg eit lite hus der det brann eit bål. Ein morosam liten mann sprang rundt bålet, hoppa på eitt bein og song:
"I dag skal eg bryggje og bake
I morgon tek eg dronningbarnet,
Så glad eg er for at ingen veit
eg heiter Rumleskaft."
Dronninga blei nesten frå seg av glede, og då den vesle mannen kom og spurde, "Kva heiter eg, dronning?"
Ho spurde: "Kanskje det er Konrad?"
"Nei."
"Kanskje du heiter du Henrik?"
"Nei."
"Kanskje det er Rumleskaft?"
"Det har fanden fortalt deg," ropte den vesle mannen sint og stampa så hardt med den venstre foten i bakken at foten sokk nedi. Det blei han så sint over at han tok tak i foten med begge hender og drog så hardt at foten slitna. Og då var dronninga berga.